Årsmelding 2020

ÅRSMELDING FOR STRANDA SOGELAG 2020

Styret har i perioden vore:
Velaug Vassbotn, leiar
Harald Lied
Fredmøy Wollen
Ola Lied
Inge Bjørdal

Varamedlemer:
Ola Ødegård
Arne Ringdal
Rolleiv Berge
Liv Sørheim
Oddvar Gausdal


Sekretær: Tordis Urke
Revisor: Sigmund Berge

Sogelaget har dette året halde 6 styremøte og 25 saker har blitt handsama.
Medlemstalet var ved utgangen av året 419, ein auke på 48 frå året før.

Årsmøte.
Det vart halde årsmøte på Storfjord Kulturhus 28.05.20 kl. 19:00.
Leiar Jens Arne Hessegjerde opna årsmøtet med å ønskje alle velkomne.
• Det var ingen merknad til innkalling og sakliste.
• Jens Arne Hessegjerde vart vald til møteleiar, Tordis Urke til referent og Terje Rusten og Olav Slettebakk til å skrive under protokollen.
• Årsmeldinga vart godkjend med små merknader.
• Årsrekneskapen vart godkjent utan merknader.
• Fastsetjing av årskontingent. Styret har ikkje gått inn for auke av kontingenten for 2021 og årsmøtet slutta seg til dette.
• Valnemnda v/ Anne Lise Lunde la fram valnemnda si innstilling og følgjande vart vald:

Styret

Styremedlem: Velaug Vassbotn 2020-2022 ny
Styremedlem: Harald Lied 2020-2022 attval
Styremedlem: Fredmøy Wollen 2020-2022 attval
Styremedlem: Ola Lied 2019-2021 ikkje på val
Styremedlem: Inge Bjørdal 2019-2021 ikkje på val

Varamedlemmer:

Ola Ødegård 2020-2022 attval
Arne Ringdal 2020-2022 ny
Rolleiv Berge 2019-2021 ikkje på val
Liv Sørheim 2019-2021 ikkje på val
Oddvar Gausdal 2019-2021 ikkje på val

Styreleiar: Velaug Vassbotn 2020-2021

Valnemnd:
Kåre Stadheim 2020-2023 ny
Anne Lise Lunde 2019-2022 ikkje på val
Arne Ola Stavseng 2019-2021 ikkje på val

Revisor:
Sigmund Berge 2020-2021 ny

Representantar for Stranda Sogelag.
Tor Arne Tryggestad er Sogelaget sin representant i styret for Hellesylt Bygdetun.


Aktivitetar.
Heile pandemiåret 2020 med skiftande reglar for samlingar, har verka inn på dei publikumsretta aktivitetane våre.

• Årsmøtet for 2020 var opphavleg meint å vere 31.03. Det vart utsett på ubestemt tid og vart gjennomført 28.05.20 på Kulturhuset.
• Styret i Sogelaget gjorde vedtak om å stille med stand på Husflidsmessa 2020, men messa vart avlyst.
• Stranda Sogelag sin vernepris for 2020. Det vart bestemt i styret at verneprisen skulle tildelast Gunnhild og Reidar Overvoll for arbeidet med restaureringa av den gamle Strandastova i Larsgarden, Overvoll. Det var meininga at dette skulle markerast på den årvisse Kulturfesten, men dette måtte også avlysast
• Styret hadde kome langt i å planleggje den tradisjonelle kulturfesten 9. november. Til vanleg har ca 150 personar brukt å møte opp. Etter smittevernreglane ville det vere plass til 100 personar. Vi gjekk ut på heimesida og i annonsar og bad om påmelding pr telefon til leiar eller sekretær. Berre 25 – 30 melde seg. Vi forsto at dette ikkje kunne bli det sosiale møtepunktet vi planla for. På kort varsel valde vi å avlyse arrangementet.
• Dette fekk konsekvensar for korleis distribuere Bygdeminne 2020 til medlemene. Dei fleste bøkene måtte no sendast i posten. Medlemer av styret og sekretær kom saman 13.11.20 og fekk pakke alle bøkene og levert dei i posten for utsending. Indre Sunnmøre Gjensidige var velviljuge og ga støtte til dei ekstra utgiftene med postutsending.
• Dikt av lokale diktarar frå Stranda kommune. Etter eit innspel frå eit medlem om sogelaget kunne sjå det som ei oppgåve å samle saman og publisere lokale dikt som ikkje tidlegare var offentleggjort, gjorde styret eit vedtak i juni om å gå ut med oppmoding om å melde frå til sogelaget om aktuelle tekstar. Asbjørn Tryggestad, Ola Lied og Fredmøy Wollen vart vald til å sjå på innsende tekstar. Ein del namn og tekstar har kome inn til denne gruppa, men prosjektet er berre i startgropa og vil bli arbeidd med i 2021.

Bygdeminne.
Bygdeminne 2020 var nr. 37 i rekkja og hadde eit opplag på 600. Sidetalet var 160. I redaksjonsgruppa for Bygdeminne sit Harald Lied (redaktør), Kåre Stadheim og Arne Inge Tryggestad. Denne gruppa har stått for både innsamling og produksjon av stoff. Arne Inge Tryggestad har stått for det grafiske arbeidet og all kontakt med trykkeri og innbindar. Ei skrivegruppe hjelper den ansvarlege gruppa med å digitalisere stoff som er innlevert til redaksjonen. Frå 2019 har Signy Mork, Anne Lise Lunde, Lars Jakob Skarbø og Ingebjørg Fivelstad vore med i gruppa. Sogelaget er svært takksame for dei trufaste leverandørane av stoff til Bygdeminne og for nokre nye.

Foto og filmregistrering.

Etter eit opphald i aktiviteten i Fotogruppa vart det ein ny start i mars 2020. Torsdag 5. mars vart det halde eit fotoregistreringskurs på Stranda Vidaregåande Skule i regi av Fylkesfotoarkivet v/ Ragnar Albertsen. Tidlegare hadde Møre og Romsdal felles databaseløysing med Sogn og Fjordane, men etter oppretting av det nye fylket Vestland, måtte vårt Fylkesfotoarkiv finne andre løysingar. Dette arbeidet var no snart fullført. 12 deltakarar, både røynde og ferske, fekk god innføring i metodikken.
12.mars (!) møtte dei fleste av deltakarane på sogelagskontoret for å fordele halvferdige registreringsoppgåver. 13. mars sende Ragnar Albertsen over « Fotoregistrering i nettbasen – Ei rettleiing frå FylkesFOTOarkivet, IKA Møre og Romsdal» Dette blei eit godt hjelpemiddel når fotogruppemedlemene kvar for seg no skulle halde fram med registreringa. Kåre Stadheim har også i 2020 vore leiar for Fotogruppa.

Svein Pettersen og Lars Jakob Skarbø har også dette året filma og redigert intervju av nolevande personar, m.a. Emma Vågsæter og Olav Slettbak. Intervjuarar var Reidun Helsem og Kåre Stadheim.

Lars J. Skarbø har også dette året utført digitalisering og redigering av levande film. Nokre av desse har blitt synt på ulike tilstellingar. Mange har også oppdaga dei filmane som ligg på Facebook-sida til Sogelaget ( via heimesida).

Berge Trevarefabrikk
Styret i venneforeininga har vore Roger Arne Furset (leiar), Ivar Berge, Sverre Drege og Erling Hagebakk. Dei vart inviterte på styremøte i sogelaget 28.01.20 for å orientere om planane framover. Dei hadde planar om å ta kontakt med Designvegen, eit samarbeid om turisme mellom kommunane Sykkylven, Stranda, Hornindal og Stryn. Biblioteket ville bli sett i stand. Ivar Berge hadde teke vare på bøker frå Furset skule. Styret hadde også planar om ryddedugnad i mai.

Heimesida til Stranda Sogelag
Etter at Tove Bäckstrøm hadde avslutta sitt arbeid med å setje opp og få i funksjon heimesida, skulle ei redaksjonsgruppe overta. Det vart halde opplæring, men det er eit ønskje om å få meir instruksjon. Heimesida er eit svært godt hjelpemiddel for å nå ut til medlemer og andre med oppdatert informasjon.

Økonomi.
Rekneskapen for 2020 er avslutta med eit underskot på kr 26.009,55 før finans og kr 13.480,60 etter finans. Årsaka er i stor grad at Kulturkvelden vart avlyst og at det var større utgifter på Bygdeminne enn året før.


Stranda 01.06.21


Velaug Vassbotn Harald Lied Fredmøy Wollen Inge Bjørdal Ola Lied
Leiar