Bygdeminne

Bygdeminne, redaksjon og skrivegruppe

Den spede starten til Bygdeminne starta i 1983. Dåverande leiar Torbjørn Ryssevik og redaktør Harald Berge gjorde alt arbeid med stoff og skriving. Heftet vart trykt hjå Rødseths Trykkeri, Arne Rødseth, Stranda og heitte då Stranda-minne

Etter kvart vart boka større og arbeidet meir krevjande. I 1995 vart boka døypt om til Bygdeminne. Stoffet i boka handla om historia til alle bygdelaga i kommunen Stranda, Sunnylven, Geiranger og Liabygda

Berge knytte til seg fleire til å jobbe med boka, men det største ansvaret fall i alle år på dei ulike leiarane i Stranda Sogelag. Grafisk arbeid og trykking var etter kvart overført til Trygg Trykk v/ Arne Inge Tryggestad som også utfører dette i 2019

I 2017 vedtok styret at laget skal ha ei redaksjonsgruppe for å lette arbeidet for leiar. Redaksjonsgruppa gjer at det ikkje er naudsynt at leiar set i redaksjonsgruppa. Eitt av medlemmane i redaksjonsgruppa er ansvarleg redaktør

I 2019 utnemnde styret skrivegrupper som hjelper redaksjonsgruppa med skrivearbeid av stoff som skal digitaliserast