Filmar og lydband

Digitalisering av gamle filmar og lydband

Mange av filmane til Sogelaget kjem frå videosamlinga til Jan Olav Dimmen. Intervjuopptaka var i første omgang tenkte som hjelpemiddel for artiklane han skreiv i Bygdeminne, men mange av dei av dei er no overført til digital form og korta ned til små portrettfilmar. Samlinga inneheld også glimt frå daglegliv og tilstellingar på Stranda

I arkivet er det også filmar som viser næringslivet, filmar frå Stranda Skulekontor laga til undervisningsformål og filmar frå reiselivet

Digitalisering av gamle lydopptak er heilt i starten. Førebels inneheld samlinga opptak av Gerhard Kjølås som fortel gamle småstubbar frå Stranda. Inngangsporten til film- og lydopptaka er inntil vidare gjennom Sogelaget si Facebook-side