Fotogruppa i Sogelaget i aktivitet igjen på ny database

Etter eit opphald i aktiviteten i Fotogruppa, så er det nylig blitt halde eit kurs i regi av Fylkesfotoarkivet ved Ragnar Albertsen. Bakgrunnen for dette er at Møre og Romsdal Fylke og Sogn og Fjordane tidlegare hadde ei felles database løysing for Fylkesfotarkivet.
Etter at Sogn og Fjordane slo seg saman i Vestland fylke, så måtte Møre og Romsdal finne si eiga løysing, og det arbeidet er snart fullført. Vi vonar at arbeidet no kjem godt i gong. Det var 12 deltakarar på kurset, som vart halde på Stranda Vidaregåande Skule Torsdag 5.mars.