
Stranda Sogelag har sidan slutten av 1990-talet fotografert av og registrert opplysningar om gamle foto frå Stranda kommune
Sogelaget har fått låne foto og fotopermar frå om lag 160 privatpersonar. Ca 6000 foto er digitaliserte med god hjelp av fylkesfotoarkivar, Ragnar Albertsen. Han har vore ein pådrivar og god hjelpar i dette arbeidet
Ei eiga fotogruppe i sogelaget har stått for arbeidet. Gruppa har hatt mange medlemmer som har bidratt. Nokre av medlemmane har vore med heilt frå starten og fram til no, andre i kortare eller lengre periodar
Desse personane har lagt ned eit omfattande arbeid med å innhente opplysningar. Opplysningane er så blitt registrert og lagra saman med alle bileta i ein database i Møre og Romsdal Fylkesfotoarkiv