Historie

Den 31. januar 1966
vart følgjande medlemmer valt til kommunal sogenemnd i Stranda kommune: Bjarne Rønneberg (formann), Øyvind Vassbotn, Olav Sve og Sakarias Ansok. Oppgåvene til denne nemnda var i hovudsak bygdebokarbeid og forlagsverksemd knytta til dei såkalla Ansok-bøkene, bygd på artiklar frå fjord- og fjellgardane ved Storfjorden. Sogenemnda bad seg friteken for nemndsarbeidet i 1982 og den 25. november 1982 vart Stranda Sogelag skipa. Den første leiaren for Stranda Sogelaget var Torbjørn Ryssevik

Føremålsparagrafen for Sogelaget er:
”Å vekkje interesse for lokal historie i heile Stranda Kommune. Laget skal arbeide for å verne og registrere kulturhistoriske minne som kan fortelje om åndeleg og materiell kultur i kommunen, i notid og fortid. Laget skal stå som utgjevar av bygdebøker, ættebøker og andre bøker av lokalhistorisk interesse. Laget skal årleg gi ut årsskriftet Bygdeminne som skal omhandle aktuelle saker av historisk interesse i kommunen.” Laget kan årleg dele ut Stranda Sogelag sin pris for ”Godt vern av gamle bygg”

Årsskriftet for Stranda Sogelag
vart kalla Strandaminne, seinare Bygdeminne. Det har vore ei prioritert oppgåve for Sogelaget å gje ut Bygdeminne. Det første kom ut i 1983 og til no er det trykt 550 artiklar

I 1998 starta sogelaget med registrering av gamle foto
Digitalisering og registrering har vore utført i samarbeid med Fylkesfotoarkivet. Til no er det digitalisert 5500 foto og 4000 av desse er registrert med kjend informasjon. Fotogruppa i Sogelaget vil halde fram med registreringsarbeidet. Registrerte foto kan ein finne på: https://foto.fylkesarkivet.no. Sidan 2010 har Sogelaget utført digitalisering av levande film som har lokalhistorisk interesse

Kvart år i starten av november
arrangerer Stranda Sogelag ein kulturkveld på Storfjord Kulturhus

01.10.2019 Kåre Stadheim