Kulturkvelden 8.11. kl. 19:00

Asbjørn Tryggestad

Årets kåsør er Asbjørn Tryggestad, fødd og oppvaksen på Hellesylt.

Han vil ta oss med på ei framifrå fin reise han har kalla:

«Barndomsminner og ei reise i mitt barndoms rike i turfølgje med nokre av mine favorittdikt.»

Asbjørn har budd i Langevåg dei siste 42 åra. Etter utdanning ved Universitetet i Oslo har arbeidsdagen hans stort sett vore i IT-bransjen. Han har elles vore aktiv i det meste som rører seg i Sula kommune som mållagsarbeid, revy, sogelagsarbeid, idrettslagsarbeid m.m. Han har også 3 periodar som medlem av kommunestyret med deltaking og leiing av div. nemnder.

Den store fritidsinteressa er fjellturar, spesielt i hans barndoms rike, Sunnylvsfjella. Barnebarna er kjære turkamerater.

Vi kan glede oss å vere med på tur.