Kulturkvelden 8.11. kl. 19:00

Tora Overvoll, Janne N. Urkegjerde og Marianne R. Myklebust

Vinnarane av Komponistprisen, Tora, Janne og Marianne underheld.

Tora Overvoll, Janne N. Urkegjerde og Marianne Remme Habostad fortel at dei alltid har vore gode venar og har alle hatt glede av musikk. Alle er musikalske og har utvikla seg på ulike frontar med ei god blanding av instrumenter. I vår vart dei oppfordra av musikklærar Katrine Langlo til å komponere til U-trykk, ein nasjonal komponistkonkurranse for 8 – 10 klasse. Dei tok utfordringa med eit smil om munnen, og forventa ingen pallplass. Dei gjekk saman og komponerte, og til slutt sa dei seg fornøgde og sendte den inn. Det var utruleg stas at komposisjonen nådde toppen. Melodien og konkurransen har åpna dører og gitt dei mange gode opplevingar.