Lokale diktarar i Stranda Kommune

LOKALE DIKTARAR I STRANDA KOMMUNE

I styremøtet i sogelaget 9. juni diskuterte styret eit innspel frå eit medlem. Kunne det vere ei oppgåve for sogelaget å samle inn, digitalisere og eventuelt gi ut dikt av lokale diktarar som ikkje hadde vore publisert tidlegare ? Styret meinte dette var ein god idé som ein ville gå vidare med.

 Mange har kanskje liggjande i skuffer og skåp «etterlatne papir» etter avdøde slektningar som hadde ein diktargivnad. Kan noko av dette vere av interesse for eit publikum utanom familien?

Har du tips om slike tekstar, er vi takksame for tilbakemelding til sogelaget.

Vi er tidleg i prosessen enno og vi veit ikkje om ideen kan realiserast, men vi ynskjer å få tips om aktuelle diktarar. Hugs at dette gjeld alle bygdene i kommunen: Liabygda, Geiranger, Sunnylven og Stranda!

Velaug