ÅRSMØTET 2022
Velaug Vassbotn held fram som leiar i Stranda Sogelag.
Med seg i styret har ho følgjande:
Styremedlem: Svein Parr
Styremedlem: Fredmøy Wollen
Styremedlem: Marie Hjørungdal Lied
Styremedlem: Ola Ødegård
Harald Lied vart takka av.
Harald Lied fekk stor takk for det flotte arbeidet han har lagt ned for Sogelaget både som styremedlem, redaktør for Bygdeminne og artikkelskrivar i Bygdeminne. Han fekk blomster som synleg takk.
Kåseri om Olivingruva i Røbbervika.
Kjell Storeide vaks opp på Stranda. Han har arbeidd i over 30 år i Stokkekonsernet og vart pga denne tilknytinga spurd om å føre i penn ei dokumentarisk bok om olivindrifta i Røbbervika. Han heldt eit interessant foredrag der Gunnar Stokke sin uthaldande vilje til å få til drift i Røbbervika som han lukkast med etter nesten 20 år. Dessverre vart både marknad og økonomi vanskeleg. Etter produksjon av ca 10 mill. tonn olivin vart gruva nedlagt etter ca. 25 års drift. Georg Stokke døydde 102 år gammal i 2013, nesten samstundes som gruvedrifta vart lagt ned.
Oppdatert heimeside.
Lars Thørner Woie presenterte Heimesida som er betydeleg meir innhaldsrik m.a. med bokbutikk der ein kan bestille bøker frå lageret vårt med bøker. Ein kan også på ein enkel måte bli medlem. Sogelaget gir honnør for godt arbeid. Oppdateringa skjer ein av dei første dagane.
Stranda Sogelag sin vernepris.
Velaug Vassbotn minte om at publikum må foreslå kandidatar til Stranda Sogelag sin vernepris 2022. Frist 15.8.22.