ÅRSMØTET FOR 2024
- velauvass
- for 5 døgn siden
- 1 min lesing
Årsmøtet vart avvikla i Kalvehagen, Storfjord Kulturhus 7.april 2025.
Årsmelding og rekneskap for 2024 vart framlagt. Det nye styret ser no slik ut:
Velaug Vassbotn ikkje på val
Ola Ødegård attval
Reidun Smogeli Helsem ikkje på val
Ingunn Rønning ny
Svein Parr ikkje på val
Eldrid Skrede, Hellesylt, vart takka av etter to år i styret for sogelaget. Ho held fram i styret for Stiftinga Hellesylt Bygdetun. Det er vi takksame for.

Etter dei vanlege årsmøtesakene viste Velaug eit lysbildekåseri frå arkivet etter onkelen Karl Vassbotn som ho kalla "Folk og hus". Dette bildet viser alle som budde på Ringstad, truleg i 1948.
Comments