top of page

ÅRSMØTE 2023




Årsmøtet i Stranda sogelag vart halde i Kalvehagen på Kulturhuset måndag 27.03.

Styreleiar Velaug Vassbotn presenterte årsmelding og rekneskap for 2022 før ein gjekk til val.


VAL

Det nye styret er no samansett slik:

  • Velaug Vassbotn,Stranda, ikkje på val

  • Fredmøy Wollen,Stranda, ikkje på val

  • Svein Parr,Stranda, ikkje på val

  • Ola Ødegård,Stranda, attval

  • Eldrid Skrede,Sunnylven, ny

varamedlemer:

  • Ola Lied, Liabygda, attval

  • Svein Ringset, Liabygda, ny

  • Inger Johanne Rusten, Stranda, ny

  • Randi Sæter, Sunnylven, ny

  • Marit Ljøen, Sunnylven, ny

Velaug held fram som styreleiar eitt år til.


TAKK OG GODE ORD

Tordis Urke, sekretæren vår og vårt faste haldepunkt, har lenge ynskt å slutte. Ho har stått i arbeidet sidan 2015 og fekk gode ord og blomster for innsatsen. Ho vil bli sakna.

Marie Hjørungdal Lied vart også takka av etter to år i styret. Ho var på reise og kunne ikkje vere tilstades.


AUKA KONTINGENT

Årsmøtet vedtok samrøystes å auke kontingenten for 2024 med 50 kr til 450 kr. Grunngjevinga var mellom anna at det kostar å produsere eit årsskrift med kvalitet.


LOKALHISTORISK FILM

Kvelden vart så avslutta med ein film av Ole Helsem som kåserte på årsmøtet 1994. Han fortalde om personar (mest menn!) som hadde gjort inntrykk på han i oppveksten. Tre unge menn drog til København, to av dei kom tllbake. Jan Dimmen hadde stått for filminga og Lars Jakob Skarbø har redigert og forbetra filmen.

123 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page