Sogelaget si heimeside veks fram

Det har dei siste åra og i dei ulike styra i Stranda Sogelag vore diskutert at laget hadde behov for ei heimeside. Dette for å på ein meir hensiktsmessig og effektiv måte kunne kommunisere med noverande og framtidige medlemmer. Ei moderne web-basert heimeside har andre kvaliteter og moglegheiter enn til dømes sosiale media har, som Facebook og liknande. Ei heimeside er det laget og organisasjonen som syter for innhald til basert på saklig informasjon der laget sjølv har redaktøransvar og «eig» innhaldet til.

Etter undersøking om bygging og prisar, vart det klart at å bygge ei fungerande heimeside, ikkje var for amatører, og kostbart ville det og bli. 

Då var det eit lukketreff at den nyvalde formann Jens Arne Hessegjerde hadde eit søskenbarn i Sverige som kunne hjelpe Sogelaget i gang med å bygge ei moderne heimeside. Tove Backström, født Hessegjerde (far Alv Hessegjerde) hadde i sitt yrkesaktive liv som sideprosjekt å konstruere og bygge heimesider. 

Etter snart 2 år med kommunikasjon fram og tilbake via e-post mellom Tove og Tordis, er vi no komne så lagt at vi kan presentere ein første versjon, ein «beta» versjon som det heiter. Etter kvart vil Sogelaget med gode hjelparar, kunne få så mykje kompetanse og trening at vi er sjølvgåande.

Stranda Sogelag vil rette ein stor og varm takk til Tove for at ho har ytt denne store gåva til Stranda Sogelag  i «Heimbygda» der ho har sine røter og ferierte i kvar sommar.

Dei som har teke del i arbeidet med heimesida er:

  • Arne Vassbotn
  • Gunnar Fivelstad
  • Lars Jacob Skarbø
  • Ståle Thunem
  • Tordis Urke
  • Tove Backstrøm
Bli medlem i Stranda Sogelag!

Bli medlem i Stranda Sogelag!

Som medlem får du årets Bygdeminne som ein del av årskontingenten.