Vedtekter

Vedtekter  for  Stranda  Sogelag

(Iflg. Årsmøtevedtak 11. mars 2014,  endring av ordlyden i § 4)

§1: Sogelaget sitt føremål er å vekkje interesse for lokal historie i heile Stranda Kommune.

Laget skal arbeide for å verne og registrere kulturhistoriske minne som kan fortelje om åndeleg og materiell kultur i kommunen, i notid og fortid.
Laget skal stå som utgjevar av bygdebøker, ættebøker og andre bøker av lokalhistorisk interesse.
Laget kan dele ut ei utmerking for godt vern av gamle bygg i kommunen. (nytt frå årsmøte 11.3.16)
Laget skal årleg gi ut årsskriftet  ”Bygdeminne” som skal omhandle aktuelle saker  av historisk interesse i kommunen.

§2: Kven som helst kan bli medlem av sogelaget mot å betale ein årskontingent som er fastsett av årsmøtet.

§3: Sogelaget skal ha eit styre på 5 medlemer og 5 varamedlemer, valde av årsmøtet som samstundes vel styreleiar.  Styremedlemane og varamedlemane går ut etter tur, 2 og 3 årleg.  Styreleiar er vald for eitt år om gongen.
Styret er vedtaksført når 3 styremedlemer er til stades.

§4: Årsmøtet skal haldast kvart år i løpet av første halvår. Årsmøtet skal kunngjerast av styret med minst 3 vekers varsel.  Her skal det gå fram at forslag til saker som skal handsamast på  årsmøtet, må vere styret i hende seinast 2 veker før  møtet.
Innkalling med sakliste skal kunngjerast seinast 8 dager før møtet.
På årsmøtet handsamer ein berre dei sakene som står på saklista.
Ekstraordinært årsmøte  kan haldast når styret finn det nødvendig, eller når minst ein tredel av medlemane krev det.  På eit eventuelt ekstraordinært årsmøte handsamer ein berre dei sakene som er nemnde i innkallinga.

På ordinært årsmøte skal handsamast:
1:   Godkjenning av  innkalling og sakliste
2:   Val av møteleiar og 2 medlemer til å skrive under møteboka
3:   Årsmelding
4:   Årsrekneskap
5:   Fastsetjing av årskontingent
6:  Val av styremedlemer og varamedlemer
7:  Val av styreleiar
8:  Val av valnemd
9:  Val av revisor
10:  Eventuelt innkomne saker

§5: Styret har den daglege leiinga av laget og kan om ynskjeleg tilsetje sekretær. Større arbeid og kostnader i samband med det må leggjast fram for årsmøtet til godkjenning.

§6: Skulle Sogelaget bli nedlagt, skal midlane disponerast av kommunen i samsvar med det føremålet laget har.

§7: Endring i desse vedtektene kan gjerast på årsmøtet når framlegget om det er kunngjort  minst 8 dager i førevegen,  og  2/3 – delar  av dei frammøtte medlemane vedtar det.

Vedtektene etter endring av § 4, sjå årsmøtereferat frå   11. mars 2014,   sak  10.