Venneforeining

Styret i Venneforeininga til Berge Trevarefabrikk har ikkje vore særleg aktiv i 2019, men har planar om å ta kontakt med Designvegen som er eit samarbeid om turisme mellom kommunane Sykkylven, Stranda, Hornindal og Stryn. Dette for å kunne samarbeide om turistbesøk. Vi kan finne Designvegen på: www.designvegen.no

Biblioteket ved Berge Trevarefabrikk vil bli sett i stand.  Ivar Berge har teke vare på mange av bøkene frå skulen på Furset og desse vil få plass i biblioteket. Sogelaget vil også kunne fylle opp i biblioteket med bøker frå overskotslageret.

Det er ein del rydding som må gjerast og dette vil bli gjort i mai månad og i samarbeid med Rolleiv Berge. Styret i Venneforeininga  har ansvar for å kalle inn og gjennomføre dugnaden.