top of page

Ansok blir stemnestaden for STORFJORDSTEMNET 2024

Dette var heimstaden til mellom andre Sakarias Ansok, som skreiv om livet på fjellgardane langs Storfjorden. Vi har framleis to av bøkene hans til sals i nettbutikken vår.



Sakarias og Gudrun i 1966. ( Foto: G. Bergseth. Frå Arild Flydal: Fjordheimen)


Denne teksten sto på trykk i Kyrkjebladet for Stranda og Liabygda i desember 1986, berre to månader etter at Sakarias Ansok døydde. Gudrun, enkja etter Sakarias, deler minner om samlivet på Ansok. Ho døydde i 1991.


"I 58 år har eg feira jul på Ansok. Sakarias kunne aldri tenkje seg å vere heimefrå i jula. no er det første jula det vert mørkt i glasa der ute - !" Gudrun Ansok sit i den koselege stova si på Trygdebustaden i Liabygda og fortel frå livet på det brattlendte småbruket høgt over fjorden. Det er berre eit par månader sidan mannen døydde. Sakarias Ansok var kjend og akta over heile Sunnmøre for avisartiklar, bøker og kåseri om folk og lagnad på strand- og fjellgardane her inne i fjorden. Han vart oppmoda om å skrive noko frå Ansok òg, men det vart aldri gjort. Han hadde stoff nok, for slekta hans har vore samanhengande på Ansok i mest 300 år. Også frå si eiga ungdomstid hadde han mangt å fortelje. Då han vaks opp, var det 30 born på gardane her: 10 på kvar av bruka her på Ansok og 10 ute på Klevberg. Det var ikkje einsamt i dei dagane! Sakarias fortalde ofte om då yngste bror hans kom til verda og han måtte hente jordmor på Stranda. Då ho kom ut i døra, var ho litt morsk: "Eg er nettopp komen heim", sa ho. "Ja, det hjelper ikkje", svara han Sakarias, "Du må kome med ein gong!" Så sprengrodde dei over fjorden tilbake igjen, og jordmora kom tidsnok til Ansok!"


Han vart ikkje prest, men - - -

" Veit du kor tidleg han Sakarias fekk lysta på å skrive ?"

"Aller først var det visst preike han ville" seier Gudrun og ler. "Han hadde stor moro av å fortelje at han som smågut, før han kunne seie r, klatra opp på ein stol i stova og heva stemma som ein prest: "Peike, peike, peike !" Prest vart han ikkje. men i 20-årsalderen fekk han trykt ein liten roman om livet i eit bygdemiljø : "Skogsetgrenda" Han ville ikkje at folk her omkring skulle vite om dette. Difor tok han dei trykte hefta med seg på sykkelen og fòr til Nordfjord. Der gjekk han frå hus til hus og baud fram romanen sin. Han fekk seld så mange at han ikkje hadde tap på boka. Etter at vi vart gifte og eg kom til Ansok, vart det strevsame år, og ikkje tid til skriving. Vi sleit for å greie oss, men vi var unge og sterke. Og det var var rike og gode år, jamvel om det stundom kunne vere vel stritt. Sommaren bar vi mest alt høyet på ryggen i dei bratte kneikane. Men vi tykte det gjekk som ein leik. Vi var så glade i heimen og i arbeidet.


Mykje fint innover fjorden

Kvar sommar så lenge eg kan minnast tok det seg oppatt at han Sakarias måtte ein tur inn til Geiranger. -Det er så mykje fint å sjå innover fjorden, sa han. Denne turen med fjordbåten vart liksom "ferien" hans. Då kom han alltid glad og oppliva tilbake. Etter kvart fekk han interesse for å kome i kontakt med dei som budde på dei avsidesliggjande gardane. Han spurde dei ut og skreiv ned noko av det han høyrde. Nokre avisartiklar vart det etter kvart. Men det var Magne Flem som fekk han til å arbeide systematisk med dette. Og no fekk han mykje å gjere. Seinare sa han ofte at det var på høg tid dette arbeidet vart gjort. Mange av dei han intervjua, fall bort like etterpå. Og ingen andre kunne ha fortalt det desse visste. Sakarias likte å skrive. Det gjekk lett for han. Han var kresen i ordvalet, men han kjende seg ofte uviss på skrivemåten, så det vart mykje å sitje med ordboka. - Hadde eg visst at bøkene skulle bli så mykje lesne, skulle eg ha lagt meir arbeid i det eg skreiv, sa han ein gong. Men slik vil det vel alltid vere.


Ville vere på Ansok

"Sakarias ville ikkje bort frå Ansok ?"

"Nei, han var så bunden til garden. -Vi må vere her så lenge vi kan, sa han ofte. For ei tid sidan skreiv vi oss på venteliste på Trygdebustaden, men det var berre for å ha eitkvart om noko skulle hende oss. Ein dag kom det melding om plass. - Eg tenkjer vi vert her på Ansok, sa han Sakarias. Dagen etter fall han overende og måtte på sjukehus. Snart vart det klårt at han aldri ville sjå Ansok igjen."

" Og du sjølv, Gudrun, har fått det godt her på Trygdebustaden ?"

"Ja, eg er så takksam fordi alt har lagt seg så vel til rette. Det er eit vers som ofte kjem i tankane mine: - Takk, min Gud, for alt som hende! Stundom må eg bort til glaset og sjå utover mot Ansok. Eg er så glad fordi han Sakarias fekk bu på garden sin livet til endes."




400 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page