top of page

VERNEPRIS

Statuttar for pris for godt vern av bygg, miljø og handverkstradisjonar i Stranda kommune – Stranda Sogelag sin Vernepris

  • Prisen er oppretta av Stranda Sogelag for å stimulere til og framheve tiltak for godt vern av bygg, miljø og handverkstradisjonar i kommunen.

  • Prisen kan tildelast huseigarar eller tiltakshavarar som har gjennomført eitt eller fleire av desse tiltaka i samsvar med formåla i pkt. 1, og kan berre tildelast ein huseigar eller tiltakshavar ein gong.

  • Prisen skal vere ein plakett med påskrift og tilhøyrande diplom. Diplom kan i tillegg gjevast til planleggjar og/eller utførande for tiltaket. Prisen kan i tillegg vere ein pengesum dersom kommunen eller andre finn å støtte tiltaket.

  • For å skape merksemd og interesse rundt prisen og for at prisen skal tene som inspirasjon for andre, skal tildelinga av prisen leggast til årsmøte i Sogelaget eller andre egna arrangement. Tildeling og grunngjeving for valet, skal kunngjerast i lokalaviser.

  • Arbeidet med tiltak som vert tildelt prisen, skal vere avslutta. Prisen kan gjevast til eit tiltak inntil 5 år etter at det er ferdig.

  • Ordninga med Stranda Sogelag sin vernepris skal kunngjerast i lokalaviser og på kommunen sine nettsider. I kunngjeringa skal det m.a. gå fram at sogelaget sine statuttar skal leggast til grunn for pristildelinga, og at alle skal kunne foreslå aktuelle kandidatar og at forslagsfristen normalt er 15. august for det året prisen vert tildelt.

  • Stranda Sogelag sin sekretær skal arbeide med kunngjering for prisen, ta imot forslag til aktuelle priskandidatar og sjå til at arbeidet med val av prisvinnar(ar) vert gjennomført. Sekretæren skal ha utarbeidd liste over forslag til kandidatar før 1. september for det året prisen vert tildelt.

  • Det skal oppnemnast ein jury for val av prisvinnar(ar). Juryen skal vere samansett av heile eller deler av styret i Stranda Sogelag og styret kan nytte seg av å knyte til seg ekstern fagkompetanse.

  • Alle bygdelag i kommunen bør vere representert i juryen. Juryen vel leiar og nestleiar mellom medlemene.

  • Juryen skal halde møte og ha valt prisvinnar(ar) seinast 1. november det året prisen vert tildelt. Juryen kan på fritt grunnlag foreslå kandidatar og velje prisvinnar(ar) utanom utarbeidd liste over forslag til kandidatar.  Juryens val av prisvinnar skal grunngjevast skriftleg. Juryen kan la vere å dele ut pris dei åra det etter juryen sitt syn ikkje føreligg prisverdige kandidatar.

  • Statuttane for denne prisen skal vere tilgjengelige på Stranda kommune sine nettsider.

  • Statuttane kan endrast av styret. Endringar skal refererast i årsmøte. Det er ikkje anledning til å endre statuttar i perioden mellom forslagsfrist og prisutdeling.

Stranda Sogelag sin vernepris for 2020 er tildelt: STRANDASTOVA I LARSGARDEN PÅ OVERVOLL

Stranda Sogelag sin vernepris for 2019 er tildelt: SOLHEIM

Stranda Sogelag sin vernepris for 2018 er tildelt: LENSMANNSSTOVA

2017 INGEN UTDELING

Stranda Sogelag sin vernepris for 2016 er tildelt: BERGE TREVAREFABRIKK

bottom of page