top of page

Forord Etter to år med Covid-19 pandemien får vi i denne utgåva av Bygdeminne nr. 39 eit tilbakeblikk på den førre store Pandemien. For 100 år sidan, i åra 1918 til 1920, herja Spanskesjuka i heile verda. Jarle Hole har skrive ein interessant artikkel om denne pandemien og teke med ein del data frå vårt distrikt. I tidlegare tider var det mange såkalla «kjellarbedrifter» rundt om i husa. Her kan du lese om ei av dei, kanskje den siste i sitt slag på Stranda. Bedrifta hadde 50-årsjubileum i 2021 og har drive med sprøytestøyping av plastdetaljar. Det er ikkje alle som skriv ned livshistoria si, men det gjorde Iver Ivarson Hole frå Frøysa i Sunnylven. Han var bror til bestemora til Inger Kleive, som har budd på Vestnes og ættar frå Frøysa. Vi har fått tilsendt denne historia frå Lars Sigmund Kleive, mannen til Inger. Det er interessant å lese om korleis livet var for ein ung mann frå landsbygda som seinare budde i Amerika. Ivar B. Berge har vore ein flittig bidragsytar til Bygdeminne opp gjennom åra. I år leverer han ein artikkel om kyrkjeskipet i Stranda kyrkje. Då Kulturplanen for Stranda kommune blei ferdig i 2018 var det mellom anna registrert fleire kvelvingsbruer som kulturminne i kommunen. I heile landet blei det i si tid bygd mange små og store kvelvingsbruer; store jernbane- og vegbruer. Vi ser mange av dei når vi reiser gjennom landet. I samband med utarbeiding av kulturplanen blei alle kvelvingsbruene i kommunen fotografert. I denne boka tar vi med bilde av nokre av desse vakre byggverka. Hausten i 2021 kom det ut ei bok i USA om ein person, Harrison Post, som hadde tilhald på Hellesylt i perioden 1938 til 1945. Boka inneheld m.a. eit kapittel på 18 sider frå tida då han budde på Hellesylt. Elles har vi i år fått med ei ny turskildring av Kolbein Langlo, ein artikkel som var skrive til Sunnmøringen av Asbjørn Gjærde i 2002 om den gamle aldersheimen på Stranda, historia om Rolf Saure av Petter Hjørungdal og ei fornøyeleg fortelling om ein doktordag i Geiranger av Oddvin Lundanes. Til slutt må vi nemne at Ola Ødegård har laga eit resymè av alle russeavisene frå Stranda vidaregåande skule. Avisa hadde namnet Utrønå. Vi vonar at lesarane finn mykje interessant i Bygdeminne i år også. Vi takkar alle som har levert artikler til denne utgåva av Bygdeminne. Stranda Sogelag takkar atter ein gong Arne Inge Tryggestad for å ha utført eit omfattande arbeid med å samle og redigere alt innhaldet i boka. Han utfører også det grafiske arbeidet og har all kontakt med trykkeri og innbinder. God lesing! Kåre Stadheim, redaktør

Bygdeminne 2022

300,00 krPris
Antall
    bottom of page