Forord
Det var lenge usikkert om det ville bli eit Bygdeminne 2023. Fyrst
på vårparten bestemte styret i sogelaget å setje i gang prosessen. Vi
fekk gjort avtale med ny grafisk designar og nytt trykkeri. Så var det
spanande om nokon ville levere stoff til boka. Heldigvis har vi trufaste
bidragsytarar som leverte artiklar også i år:
- Ivar B. Berge fortel om Stranda Misjonsforening som vart skipa for 160 år sidan.
- Oddmund Fivelstad fortel om Norangdal Skysslag og turistkøyring.
- Petter Hjørungdal har samla mykje stoff om Ljøen og Ljøbakken gjennom samtalar med Erling og Elsa Ljøen.
- Lars Jakob Skarbø har teke bilde og samla historier om fleire av dei små og store uthusa og løene på Sløgstad.
Paul Ringseth var ein av dei som utvandra til Amerika frå våre bygder.
Han vart fødd i Liabygda, i Ole-Petter-garden på Ringset. No har
Martin Furseth fortalt livssoga hans.
Vi har også funne fram tidlegare tekstar frå no avdøde personar som
Helena Opsvik, Knut L. Opsvik, Petra Moen og Johannes P. Ringdal. Vi har
også hatt stor nytte av å kunne gå til Gerhard Kjølås sine lokalhistoriske
bøker og artiklar og bruke dei som kjelde i jakta på spor etter levd liv.
Det er no 10 år sidan Bygdeminne fekk stive permar og fargebilete. Det
vil vi halde fram med også i år. Logoen vår med fjørpennen og namnet
vårt, er vi glade i og vil behalde. Skal det bli fleire utgåver Bygdeminne,
er vi avhengige av lesarane våre. Har du stoff eller idear til nye artiklar
og emne, ikkje nøl med å ta kontakt!
Vi vil takke dei som har hjelpt oss med biletmateriale og med skrive-
hjelp: Arne Inge Tryggestad, Kåre Stadheim, Signy Mork og Lars Jakob
Skarbø. Vi vil også takke Randi Holth Skarbø som har stått for den gra-
fiske utforminga og for kontakt med trykkeri.
Mange lokale bedrifter har også i år kjøpt støtteannonsar. Det er vi
svært takksame for.
God lesing!
Velaug Vassbotn
Redaktør

