Forord
Det er ei glede å kunne presentere årets Bygdeminne for lesarane våre.
Vanlegvis manglar det ikkje på stoff, men også i år kom det mange ferdige artiklar å
leggje i mappa for fullhald 2024». På seinsommaren, rett før siste frist,
kom nye bidrag inn til redaksjonen. Vi kunne puste letta ut. Det ville bli
bok i år også.
Eit gjennomgåande tema for fleire av artiklane i Bygdeminne 2024 er
spor av levd liv. Det kan vere i form av private brev, av fotografi, av restar
etter ein steinmur eller av fangstanlegg i høgfjellet. Det kan gi oss innsikt
i korleis menneske levde før.
Spesielt kjenner enkelpersonar når oss gjennom brev, slik som i artikkelen
«Brev frå slektningar» av Reidun Smogel Hellesen. Ho skriv: «Her er brev
som deler i sorg og glede. Dei er kjærlege, frimodige, brev om sjukdom
og gamle brev liggjande. Kanskje du lærer noko nytt og blir betre kjent
med dine slektningar? Det store spørsmålet er kva neste generasjon finn
etter oss.» Dette er verkeleg til ettertanke.
Vi har denne gongen også teke med kortare tekstar som burde ha fått sin
plass: dagboknotat og innspel frå skular til ungdomsskulen til Martin
Lunde og eit bidrag frå minne frå Kvivsvegen av Inger Sordal. Men vi er
takksame for alle bidrag, både korte og lange. Ei utfordring har vore å få
med bidrag frå alle bygdelag i Stranda. Vi håper fleire vil bidra til å forme
eit mangfaldig Bygdeminne. Har du stoff eller idear til nye artiklar
og emne, ikkje nøl med å ta kontakt!
Vi vil takke dei som har hjelpt oss med biletmateriale og tilrettelegging:
Arne Inge Tryggestad, Lars Jakob Skarbø og Anne Lise Lunde. Vi vil også
takke Randi Holth Skarbø som har stått for den grafiske utforminga og
for kontakt med trykkeri.
God lesing!
Velaug Vassbotn
Redaktør
top of page
kr350,00Pris
bottom of page

