top of page

Godt nytt år!



No har vel dei fleste rydda ut jula og starta opp på eit nytt år: 2023. Juletrefestar er det ikkje så mange av lenger. Gerhard Kjølås hugsa ein juletrefest frå 1891 då han var fem år. Han fortalde om minnet i ein tekst som truleg vart trykt i «Jul på Sunnmøre» i 1975, same året som han døydde. Han vart fødd i 1886 og vaks opp på Kjølås på Berntplassen, som han til slutt tok over. Han vart etter kvart kjend som folketalar, ungdomsleiar, norskdomsmann og lokalhistorikar. Han skreiv mange bygdebøker, mellom anna dei to banda av Stranda Bygdebok: Fyrste del: GARD OG GREND, og andre del: LIV OG LAGNAD.( Den siste boka er til sals i Sogelaget sin nettbutikk)

Velaug V.


Gerhard Kjølås:


FEMÅRINGEN PÅ JULEFEST


Det var den 29. desember 1891. Det var juletrefest i det gamle skulehuset, og dei to sentrale personane den kvelden var festtalaren, sokneprest Andreas Saxegaard og han som denne dagen fylte sine 5 år, og sat i fanget til faren og såg på storebror og dei andre som gjekk rundt treet og song.

Då dei kom til den stunda då flokken fekk litt å bite i, vart den vesle jubilanten øyremerka, eg fekk eit omframt wienerbrød og fekk attpå høyre eit nytt ord eg aldri hadde høyrt før: Gratulerer

Kanskje ville ei slik ære vere nok til at denne dagen vart sitjande fast i minnet gjennom heile livet? Kor som var, så vart denne kvelden ei av dei mest avgjerande stunder i heile mitt liv.

Teksta som presten tala ut frå, minnest eg godt, men det kan godt tenkjast ho hadde vorte viska ut, dersom eg ikkje hadde fått ei påminning på heimvegen. Eg sat trygg på herdane til far, og høyrde susen av det folk sa. Ein kar som var heilt gjennomsyra av konservativt livssyn, tok ordet, og det han sa frå først til sist, var slik at det sette seg spikarfast i mi sjæl:

«E´ synest no det e´, at når presten umaka seg til ein juletrefest for bonna, so skulle han no ha tikje til tekst eit gussord, å mana ongane til å lystre foreldra sine. Det kunne trengjast so vanartige dei no e´ vortne. I staden hermde han noko frå ei skrape visebok, og det va´ sjølsagt på dette ukristelege landsmålet. Ein kan ha grunn til å gråte !»

Til denne stund hadde eg aldri tvila på at alle vaksne hadde rett i alt dei tenkte og sa. Men den vissa fekk ein brest den kvelden. Teksta frå viseboka kom framatt i minnet:





Litle fuglen sette seg på kyrkjespong,

Gud råde !

Han song so fager ein ottesong.

Herre Gud sende oss sin nåde.



Dette var då ord som eg skjøna. Det var ord heimanfrå. Men orda som presten brukte i utlegginga si, dei sat det ingen ting att av. Dei var framande for meg.

Og no fekk eg høyre ein vaksen, vitug mann som høgt og tydeleg vitna for all verda, at dei orda eg skjøna og hugsa, dei var heidenske, men dei orda som var framande for meg, dei, og berre dei var ekte!

I denne stund vart eg tvinga til å ta mitt første steg ut frå mitt barnslege miljø, over til å vere skeptisk til andre sine ferdige formuleringar, og over til å skjerpe sine eigne tankar og ta sjølvstendige standpunkt.

Sett frå den synsstaden var denne dagen kanskje ein av dei viktigaste i mitt liv.




205 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page