top of page

Maidagane 1945

8.mai har også i år vore markert over heile landet med flagg og kransenedleggjingar. Det er fint og viktig. Aviser kan vere viktige tidsdokument. Nokon har teke vare på og levert til Stranda Sogelag ein bunke med Sunnmørspost-utgåver frå 1945, frå 17. april til 2. juni. Slik såg framsidene ut 7.mai, 8.mai og 9.mai med talar av Quisling, så den tyske utanriksministeren og endeleg kong Håkon med sitt ALT FOR NORGE !

I nettbutikken vår har vi på lager KRIG OG FRED MINNESKRIFT. Utgjevar var Nemnda for markering av 50-årsminnet for freden i 1945 i samarbeid med Stranda Sogelag.

117 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page