top of page

Sterke historier og julebrød

Tirsdag 8. november var mange sogelagsvener samla til Kulturkveld på Kulturhuset. Dei to ungdomane frå Kulturskulen, Ksawier Kowalski og Jørgen Støverstein, sette tonen med vakker framføring av «You raise me up» på flygel og saksofon.

Hovudgjesten vår denne gongen var Anette Homlong Storeide. Ho er tilknytt Falstadsenteret i Trøndelag som forskar. Gjennom foredraget sitt formidla ho det brutale livet og terroren som fangane på Falstad opplevde.


Ho presenterte namna på nokre av dei frå vårt distrikt som var på Falstad. Ein av dei var Martin Espehjelle frå Stranda. Du kan lese meir om hans opplevingar i Bygdeminne 2019 i artikkelen «Haust med krig og nåde» der Ivar Berge har bearbeidd og presentert eit utdrag frå Espehjelle sin tekst. Vi fekk sjå Martin Olav Espehjelle sitt fangekort. Han var skulda for å ha høyrt på fiendtlege nyheiter.


Falstadsenteret er no ein minnestad og eit nasjonalt senter for menneskerettar. Norsk digitalt fangearkiv 1940-1945 er no tilgjengeleg gjennom nettstaden Fanger.no. Anette var svært interessert i å få kontakt med personar som kunne ha tilleggsinformasjon om tidlegare fangar.

Kåre Stadheim presenterte årets Bygdeminne med mykje spennande innhald. Vi gler oss til å lese.

I matpausen vart det også i år servert årets første julebrød, denne gongen importert frå eit bakeri på Moa med spesialtransport! Takk til alle som hjelpte til med det praktiske: Signy, Margrete, Reidun, Else, Tordis og sogelagsstyret!

Kvelden vart avslutta med ein film frå 2004 der Jan Dimmen intervjua Oddbjørn Langlo, tidlegare leiar i sogelaget, med tilbakeblikk på liv og karriere. Oddbjørn Langlo døydde 21.07. 2004, berre kort tid etter at intervjuet vart gjort. Det var tankevekkjande å høyre hans refleksjonar rundt utfordringar for sogelaget framover, nokre er løyste og nokre ikkje.


VEL MØTT TIL SAME TID OG SAME STAD NESTE ÅR – MED ELLER UTAN JULEBRØD !








114 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page